torsdag 27. november 2008

Gløymt noko på Tabu?

Heisann!

Har funne litt diverse etter Tabu på Skilbrei. Sjekk etter om det er noko du saknar. Eg har ein Ipod kabel, Lommelykter og hansker på kontoret... Ta kontakt på 57821754. Eller send ein mail til holtedal@nlm.no.

Elles kan det nevnast at det er møteveke på Bedehuset i Førde med Asbjørn Kvalbein. Sjekk ut www.webpastoren.no. Under webpastor til venstre i menyen er det mange muligheter til å laste ned andakter og bibelundervisning i mp3 format. Anbefalest!

tirsdag 11. november 2008

Paintballreglar

Du kan laste ned sikkerhetsreglar og informasjon her. Paintballen vil koste 50 kr pr. pers. Hugs godt fottøy. Det er blaut i terrenget! NB! Om du kjem utan å ha med signert slipp som du finn på regelarket, får du ikkje spela paintball...

Last ned paintballreglar

onsdag 5. november 2008

Seminar på Tabu!

Tabu tar heilt av og lanserer minst to workshops/seminar:

1. Grill talaren!
Har du spørsmål om kristen tru, kristenlivet eller om ting som står i Bibelen. Ta dei med deg og fyr laus! Dei spørsmåla du har er du sikkert ikkje aleine om. Om du spør får kanskje nokre andre også svar på sine spørsmål. Talaren svarer så godt han kan... Om du vil kan du skrive ein mail til meg på holtedal@nlm.no allereie no, så sender eg spørsmåla vidare til han!

2. Walk in their shoes!
200 millionar kristne forfølgjes pga deira tru. Korleis har kristne det i land der det er forfølgjing av kristne? Kor i verda er det forfølgjing? Kva kan me gjera for dei? Dette blir eit seminar med mykje filmsnuttar der du m.a. skal få høyre om korleis kristne i Irak har det...

tirsdag 28. oktober 2008

Fellestabu Skilbrei 21.-23 november


Heisann!

Ei stund sidan sist no. Eg er veldig klar for Tabu no. Gleder meg. Pga at Førde Cup i fotball var lagt til helga som eigentleg var planlagt, ha me valgt å utsette det til 21.-23. november slik at fleire kunne vera med!

Her på bloggen kjem me til å leggja ut alt av opplysningar om helga. Så følg med, følg med! For du kjem vel du også?

Me kjem til å spela paintball denne helga. Pris, meir info og tryggleiksreglane vert lagt ut på bloggen. PS! Du må ha underskrift på tryggleiksreglane med deg for å få lov å spela paintball om du er under 18 år.


Kor skal me møta?

Skilbrei Ungdomssenter
er NLM Fjordane krins sin leirstad. Ungdomssenteret finn du i Gaular kommune ved E 39, 12 km sør for Førde og ei mil nord for Sande. Det står skilta til Ungdomssenteret ved vegen. Bussen frå Førde til Bergen går rett forbi Skilbrei (bare gje beskjed til bussjåføren, så stopper han på haldeplassen rett nedfor Skilbrei). Oppmøte kl 1930.

Prisen for helga er kr 370 (I tillegg eventuelt 20 kroner i medlemskontingent for 2008og penger til kollekt)

Ta med: Ein sort pålegg, Lommelykt, sovesekk, laken, tannbørste m.m. Ta òg med deg ein Bibel. Kler er heller ikkje dumt, d kan vere du vert litt blaut… Me skal ut ein tur!

Alder: Tabu er for deg som går i ungdomsskulen eller vidaregåande skule.

Leiarar: Asmund Friborg, Audun Friborg, Katrina Aarseth, Anders Bruland, Robert Høstland, Ole Fredrik Norbye, Cathrine Myklebust Olsen, Maria Aarseth og Håvard Oltedal

Talar: Rolf Lavik

Påmelding: Sjå menyen til høgre!

mandag 27. oktober 2008

Tabu har fått blogg!

Her vil det koma opplysningar om Tabu. Program for neste Tabu 21.- 23. november på Skilbrei lages og sendes ut i morgon. Talar blir Rolf Lavik Alle detaljerte opplysningar kjem til å bli lagt ut her etterkvart som ting kjem på plass!

Følg med! Det blir ei kongehelg...

Trykk her for å melde deg på