mandag 29. august 2011

Attgløymde klede frå TABU Friborgsneset

Ta kontakt med Asmund dersom nokre av kleda er dine. Tlf 95854599 eller asmund.friborg@gmail.com

Over halvparten er no vekke, men vi har framleis nokre restar. Ingen som saknar puta si? Vi har jo ei pute til overs etter UL-turen og. Attgløymde kle frå den turen kan du forøvrig sjå lenger nede på sida.








onsdag 24. august 2011

Helga i bilete!

Takk for ei flott helg på Friborgsneset! Under kjem nokre bilete derifrå:





mandag 8. august 2011

Neste stopp: Friborgsneset!

Om ikkje lenge er det TABU igjen, og det er på Friborgsneset det skal skje! Er du ikkje påmeldt ennå, kan du gjera det til mailadressa vest@nlm.no eller telefon 57821754. Dette vert ei knallhelg, og det heile går av stabelen 19.-21.august!.


UL Hittegods

Det vart ein fantastisk tur til UL. Takk til alle som var med på å gjere det til ei flott veke. Takk og til alle som hugsa å få med seg alle tinga sine heim att :-)

Årets hittegods finn du bilde av nedanfor:











mandag 25. juli 2011

Reiseplan for tur til UL

Her kjem litt info om turen til UL

Reiseplan
09.00 Avreise Folkehøgskulen på Solvang
09.25 Sande

09.45 Vadheim
10.30 Lavik (ferje)
10.50 Oppedal
12.15 Bergen
13.30 Halhjem (ferje og matpause) Vi har med bollar og drikke - smør deg mat om du vil ha noko anna.
14.10 Sandvikvåg
16.00 Arsvågen (ferje)
16.25 Mortavika
17.30 Kongeparken (18.30 Åpningshow)

Ta med deg:

- Niste til turen nedover, dersom du vil ha noko anna enn bollar
- Sovepose
- Liggeunderlag
- Godt med klede
- Ungdomskort dersom du har det
- Ei lommelykt (kjekt å ha i teltet om kvelden)

Dersom du ikkje har telt å sove i må du gi melding til Asmund om dette slik at vi får med ekstra telt. Det er viktig at dei som berre skal vere med ein veg gir melding til Asmund om dette. Det er fullt i bilane og det er eit par stykker som står i kø for å få vere med.

onsdag 22. juni 2011

UL - Tur 2011

Det nærmar seg sterkt tid for påmelding til UL. Ved påmelding før 1. juli sparar vi kr 150,- og betalar då 650,- for vekespass. Dersom vi blir fleire enn 20 som melder seg på i lag sparer vi i tillegg 15%. Alle som vil vere med i fellespåmelding må sende info til Asmund. tlf 95854599 eller på e-post asmund.friborg@gmail.com. Eg må vite følgjande:


  • overnattingsmåte (telt eller sovesal, kr 400,)

  • fødselsår

  • mobilnr

  • skal du vere med i smågruppe (anbefalt)

  • har du vore på UL før (må kryssast av for ved påmelding)

  • skal du vere med på fellesreise kr 650,- (400,- for ein veg)

  • skal du vere med på fellesmåltid kr 350,-

Dersom du tidlegare har sendt SMS og kun gitt beskjed om at du vil være med, må du sende ny melding der du tar med info om punkta ovanfor.


Totalprisen på Ul blir



  1. Vekespass 650,- ( - rabatt)

  2. Overnatting 400,-

  3. Reise 650,-

  4. Fellesmåltid 350,-

  5. Lommepengar ?

Meld frå til Asmund innan tysdag 28. juni for å få gunstigaste pris. Tidlegare år har alle gått inn på www.ul.no og meldt seg på sjølv. Dette skal du ikkje gjere i år for då får du ikkje rabatten. Asmund melder på alle før 1. juli slik at vi får den rimelegaste prisen og rabatt.


Dersom du allereie har meldt deg på UL sjølv, men vil vere med på fellesreise er det sjølvsagt ok. Dersom du har ordna deg transport og berre vil melde deg på i lag med oss for å få rabatt så går det og heilt fint.


Nedanfor ser du dei som blir med på fellesreisa.



  • Ingrid

  • Karoline

  • Anette

  • Hanne Sofie

  • Hans Petter

  • Martin

  • Kjetil

  • Håvard

  • Tor Håkon

  • Arnt Bjarne

  • Christian

  • Andrea

  • Miriam

  • Jon Eivind

  • Natalia

  • Kariann

  • Claudia

  • Magnus

  • Aud Marit

  • Sondre (kusk)

  • Asmund (hovmeister)

Les meir om UL på http://www.ul.no/






UL 2011 from NLM - NLM Ung - iTro on Vimeo.

torsdag 9. juni 2011

Nok ei helg er historie...

Takk for nok ei kjekk helg! Her kjem nokre bilete, og så er det berre å gle seg til neste gong, som er 19.-21.august på Friborgsneset:)



tirsdag 31. mai 2011

Er du påmeldt?

Det er ennå ledige plasser til TABU no til helga. Du er velkommen til å melda deg på til vest@nlm.no:)

torsdag 26. mai 2011

Møteveke på itro!

For ei stund tilbake var det møteveke med Stein Raunehaug i Førde. Det var jo kult? Kanskje du skal sjekka ut møteveka som ligg på nettet på itro.no? Her er det både tale, bibelvers og lovsang. Og det er heile 5 møter! Følg linken og sjå! www.nlm.no/no/itro/Aktuelt/Moteuke/

torsdag 12. mai 2011

Meld deg på:)

Det er berre ein snau månad igjen før TABU går av stabelen igjen, denne gong på Skilbrei Ungdomssenter! Datoen er 3.-5.juni.

Mykje tydar på at dette kan verta ei flott helg, med flotte deltakarar, flotte leiarar, flott talar, flott ver, flotte ting å finna på, flotte senger, flott mat, flott temperatur for bading, flott sosialt samvær og mykje anna flott. Forhåpentlegvis slepp me at flotten visar seg.

Men dersom du ikkje er påmeldt, kan du gjera det med navn, adresse og telefonnummer på vest@nlm.no.

onsdag 23. mars 2011

Møteveka godt igang

Som kjent er det full rulle på Førde bedehus om dagen, eller rettare sagt om kveldane klokka 19.00. Då er det møter med Stein Raunehaug som talar, og i kveld var det heile 23 stk som kom!

Ryktene går om at det skal vera mykje på gang utover veka; mellom anna at nokon frå Sygna kjem på besøk. Komitèen kan òg opplysa om at det vert brownies og is etter møtet på fredag, og pizza med påfylgjande underhalding på laurdagen.

Det er i det heile få gode grunnar til å ikkje få med seg dei tre siste møtene. Så dersom du ikkje har tannverk eller bur i Trondheim; ta turen på møte klokka 19.00 dei neste kveldane!

Alle er velkomne!

mandag 21. mars 2011

Ungdoms-møteveke i Førde


Det skjer stadig ting i Fjordane! Denne veka skal det vera møteveke på Førde bedehus, spesielt tilrettelagt for oss ungdommar. Det er talaren som var på TABU; Stein Raunehaug som skal tala.

Dette er vel verdt eit besøk! Det er møter kvar kveld frå tysdag 22/3 til laurdag 26/3. Alle desse begynner klokka 19.00, med bønnemøte klokka 18.30 for dei som ynskjer å vera med på det òg.


Alle er hjarteleg velkomne:)

onsdag 16. mars 2011

Kjekk helg på Vassenden!

Den lille bygda i enden av vatnet hadde mykje å by på, mellom anna eit stort kyrkjebygg og eit endå større skisenter. Dette visste me å benytta oss av, og det heile utarta seg til å verta ei flott helg på TABU. Me fekk høyra andaktar av Stein Raunhaug som fortalte mykje om kva det er å vera frelst, og me høyrte Spotify-musikk frå mellom anna Michael W.Smith og Casting Crowns. Desse kan òg lyttast til heime i stova! Her kjem nokre bilete frå helga: