tirsdag 31. mai 2011

Er du påmeldt?

Det er ennå ledige plasser til TABU no til helga. Du er velkommen til å melda deg på til vest@nlm.no:)

torsdag 26. mai 2011

Møteveke på itro!

For ei stund tilbake var det møteveke med Stein Raunehaug i Førde. Det var jo kult? Kanskje du skal sjekka ut møteveka som ligg på nettet på itro.no? Her er det både tale, bibelvers og lovsang. Og det er heile 5 møter! Følg linken og sjå! www.nlm.no/no/itro/Aktuelt/Moteuke/

torsdag 12. mai 2011

Meld deg på:)

Det er berre ein snau månad igjen før TABU går av stabelen igjen, denne gong på Skilbrei Ungdomssenter! Datoen er 3.-5.juni.

Mykje tydar på at dette kan verta ei flott helg, med flotte deltakarar, flotte leiarar, flott talar, flott ver, flotte ting å finna på, flotte senger, flott mat, flott temperatur for bading, flott sosialt samvær og mykje anna flott. Forhåpentlegvis slepp me at flotten visar seg.

Men dersom du ikkje er påmeldt, kan du gjera det med navn, adresse og telefonnummer på vest@nlm.no.