torsdag 17. desember 2009

Jul!

Hei folkens!

No er det jul igjen...tida går så utruleg fort. Ville minna alle dykk tabuistar om eit par jule-vers som er fine, og leggja ut nokon linkar til sider der me kan høyra andaktar. Det treng me nemleg å gjera av og til!



"Barnet i krybben var Jesus, han kom ned fra himlen til oss. Ja Gud holdt sitt ord, og gleden ble stor, takk Gud at du sendte oss Jesus! Men jul uten Jesus har liten verdi, det blir som en pakke med ingenting i. For innhold er viktig, du tenker helt riktig, det blir ingen jul uten Jesus!"

Og i Bibelen står det sånn: " Dere kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde: For deres skyld ble han fattig da han var rik, for at dere skulle bli rike ved hans fattigdom."(2.Kor 8,9)
og:
"Hun skal føde en sønn, og du skal gi ham navnet Jesus; for han skal frelse sitt folk fra deres synder."(Matt 1,21)

Tenk at Jesus gjorde det for deg og meg! Kom til jorda og døde på korset, for å frelsa oss frå syndene våre! Takk Gud at du sendte oss Jesus!


På desse nettadressane kan du høyra fine andaktar og talar:

Webpastoren: http://norea.no/list.php?mtid=52&menu_3=159

Fjellheim: http://fjellheimbibelskole.no/page.php?mtid=12&elid=4&menu_14=9

Itro: http://itro.no/page.php?mtid=27&elid=98

Bibelord: http://www.bibelord.no/

God jul:)

lørdag 21. november 2009

TABUbibelgruppe

I kveld var det 10 stk på bibelgruppe. Kjempekjekt!

Var du ikkje der? Det kjem nye anledningar. Følg med her på bloggen. Du kan og følgje TABU på facebook. Denne sida er open også for dei som ikkje er medlem av Facebook.

onsdag 18. november 2009

Det skjer ting også mellom kvart Tabu


Takk for ei kjempefin Tabuhelg på Skilbrei. Sjå bilder i innlegget nedanfor. Vi håpar du har fått fylt på "nistepakken" din på Tabu slik at du har noko å leve på. Men, vi må fylle på meir mellom kvart Tabu. Du er difor invitert til møte på Førde bedehus torsdag 19. november kl 1930. Då kjem ei gruppe frå Fjelltun bibelskule. Dei er på turne og skal ha eit møte i Førde. Dette må du få med deg.


I tillegg må vi sjølvsagt minne om bibelgruppe i Førde. Dette skjer hos Audun, Hundvebakke 7c, kl 2000 på fredag 20. november. Det skal bli sendt ut SMS påminning om dette, men du er sjølvsagt velkomen om vi ved ein feil ikkje har fått sendt deg melding.


Ny fin helg er forbi...

Her kan du sjå bilete frå TABU på Skilbrei 13.-15.november:)


mandag 26. oktober 2009

TABU på Skilbrei i november!



Neste TABU er på trappene, og de har forhåpentligvis fått program i posten! Uansett skal det gå for seg på Skilbrei 13.-15.november. Dette vert ei kjempehelg, med masse artige ting! Ikkje minst skal me få høyra mykje frå Bibelen, og det er bibelskulelæraren på det øverste bildet som står for den biten.

Håper DU vert med på TABU!

Meld deg på ved å sende e-post til fjordane@nlm.no eller meld deg på ved å registrere deg på denne nettsida.







torsdag 17. september 2009

Program til TABU helga i september.

Har du ikkje fått programmet? Her er det. Bruk linken nedanfor til å melde deg på.

søndag 16. august 2009

Snart ny TABU-helg igjen

Siste helga i september (25. - 27.) samlast vi til TABU-helg igjen. Denne gongen blir det på Teigen leirstad. Program kjem i posten om ikkje så altfor lenge, men dei heilt store overraskelsane blir det nok ikkje for deg som har vore med før. Du kan allereie no melde deg på ved å klikke her. Programmet blir og lagt ut her på bloggen når det er klart.

fredag 7. august 2009

Tilbakeblikk på UL

Her er Tabugjengen i matteltet på UL

Regn og ruskevær, kos i campingvogna, tidleg på plass for å få god plass på møta, Kongeparken, Krish Kandiah, Lovsangsbandet, Konsertar, bibeltimar.
Masse moro, masse alvor. 3. - 7. august 2010 er vi på plass igjen.

Les og artikkelen om turen vår på nlm.no/fjordane

søndag 2. august 2009

Avreise

Då telefonen min ringte i dag tidleg lurte eg på kven det var som var ringte så tidleg. Det viste seg imidlertid at klokka allereie var halv ti så dermed hadde vi sove lenger enn planlagt. No sit gjengen og kosar seg med ein betre frukost. Det ser ikkje ut til at det blir avreise før kl 11. Vi må no hente fotballskoa til Jon Olav som han gløymde i matteltet på UL, og så skal vi plukke opp Jon Olav og Bjørnar som har overnatta hos ein kamerat under UL. Vi håpar vi er i Førde kl 8 i kveld.
Når vi kjem heim og får kobla til fleire kamera til PC'en skal vi leggje ut fleire bilder frå UL. Følg med!

UL er over

Eit forrykande avslutningsshow er no over. Men det burde jo vere bra når vi stod ein halv time i kø for å kome inn. UL har vore ein kjempehappening. Vi har lært masse nye songar som vi skal ta med til Tabu.

I dag leverte vi frå oss campingvogna. Den skulle til Danmark for reparasjon så dermed må vi klare oss siste natta utan vogn. Vi gadd ikkje slå opp telt og difor har vi ordan oss med å få sove på sovesal. Som de ser av bildet har vi kjønsrollemønsteret i orden. Kjetil og Håvard bles opp luftmadrasser medan Cathrine er madrasstestar (det var eigentleg Anders som bles opp flest madrasser).



Bildet er tatt med mobil så det vart litt dårleg kvalitet

I morgon er det heimreise. Dersom vi klarer å kome oss opp så satsar vi på avreise kl 10. Då er vi i Førde mellom kl 6 og 7.

fredag 31. juli 2009

Sol og Taco på UL

Enkelte av karusellane var litt vel spennande for Håvard

Hurra! Vi fekk fint vêr utpå dagen i dag. Heile gjengen var i Kongeparken der vi køyrde bamsekarusellen og gravde med gravemaskin + ein del litt meir utfordrande aktivitetar.
Her går det litt rundt for Anette og Aud Marit. Men det gjer det jo til vanleg og

I skrivande stund lagar vi taco. Vi rakk ikkje å lage middag før i dag så dermed blir det kos i kveld. Litt dumt at vi ikkje har rasp til å raspe osten med. No står Cathrine og skjær opp osten med potetskrellar (vi hadde gløymt igjen ostehøvelen) og Anette riv den så opp i mindre bitar. Anders steiker kjøttdeig og Kjetil kuttar grønsaker. Håvard og Aud Marit testar ut madrassene medan Astrid Maria leitar etter kameraet for at vi skal få vist bilder frå våre opplevingar i dag. Maria Aarseth kjem snart på besøk til oss så no må vi rydde og gjere det koseleg. Kanskje nokre av oss dreg på konsert med Ole Børud i kveld.

Vi lagar taco


Kjetil klamrar seg fast til den skumle karusellen


Musikken frå Lovsongsteamet på UL går opp att og opp at i campingvogna. Vi har lært oss mange nye songar og er einige om at nokre av dei må vi syngje på Tabu seinare. På møtet i kveld vart vi veldig sterkt utfordra til å følgje Jesus. Ein sterk og utfordrande tale. Vi anbefaler deg til å sjå og høyre den på http://www.itro.no/

Krish Kandiah talte på kveldsmøta onsdag og torsdag
Lovsongsteamet spelar på alle songane på UL

Vått, vilt og vakkert

Astrid Maria i vakkert svev.
"I belive I can fly" tenkjer Aud Marit

Tabugjengen som oppheld seg på UL er framleis relativt tørre sjølv om Anders og Asmund måtte ut kl 0430 og bardunere teltet. I følge våre siste opplysningar har 60-70 personar forlatt telta sine i løpet av natta og søkt ly i sovesalar. Værmeldinga fortel at det skal bli strålande sol i løpet av dagen så planen for dagen er å ta seg nokre rundar i karusellane i Kongeparken.


Onsdag var Aud Marit, Astrid Maria, Anette og Asmund i Kongeparken. Det regna litt tidleg på dagen så gutan var så pinglete at dei droppa ut. Det viste seg imidlertid at det vart kjempevær denne dagen så gutane angra bittert og grein seg i søvn den kvelden. I dag derimot sjølv med det striregnet vi har hatt, skal gutane vere med i parken. Dei tør ikkje å risikere å gå på den same blemma ein gong til.



I skrivande stund held Astrid Maria på å tørke kleda sine framfor vifteovnen. Håvard fordriv tida med å spele Sims2 på mobilen til Kjetil. Anette og Aud Marit står i dusjen og vaskar av seg sveitten frå i går. Cathrine lurer på om konsertane her på UL ligg ute på nettet. Vi har så vidt sett på ein av talane i reprise. Anders, Kjetil og Asmund kosar seg med å skrive blogg og slarve om sine medreisande.


Vi har no tilgang til Internett fram til kl 1230 på laurdag så kanskje kjem det ny oppdatert melding frå fjordingar på UL før den tid.

tirsdag 21. juli 2009

Reise til UL


Her kjem ein liten oversikt over turen til UL

Reiseplan
09.00 Oppmøte busstasjonen i Førde
09.15 Førde
10.30 Lavik (ferje)
10.50 Oppedal
13.30 Halhjem (ferje) Vi et under ferjeturen
14.10 Sandvikvåg
16.00 Arsvågen (ferje)
16.25 Mortavika
17.25 Kongeparken (18.30 Åpningsseremoni)

Køyretider
Førde – Lavik 1 t 5 min
Lavik – Halhjem 2 t 20 min
Våge – Arsvågen 1 t 50 min
Mortavika – Kongeparken 1 t
Alle ferjene går kvar halvtime slik at vi kan stå over ei ferje utan at dette blir noko problem. Vi har god tid til alle fergene.


Ta med deg:
Sovepose
Ein sort pålegg
Godt med klede
Bibel

Desse blir med:
Astrid Maria
Cathrine
Anette
Kjetil
Marius
Anders
Jon Olav
Bjørnar
Asmund

Aud Marit sluttar seg til teltleiren vår når vi kjem fram

Asmund og Anders køyrer og vi har plass til ein person til. Det blir førstemann til mølla (påmelding til Asmund tlf 95854599) dersom det er fleire som vil vere med.
Vi betalar kr 500 for reisa tur/retur inkl ferjene.

Vi reiser heim søndag og er i Førde på kvelden ein gong.

søndag 28. juni 2009

Tur til UL

Vil du vere med oss til UL. Vi planlegg overnatting i telt, lagar litt felles mat og køyrer med bil. Vi deler på utgiftene til reise og mat. Ta med ein sort pålegg slik som vi pleier på TABU. Vi reknar med at vi klarer oss med ca 800 kr til reise og eit par måltid for dagen. Du må melde deg på UL sjølv på www.ul.no. Dersom du melder deg på før 1. juli kostar vekepass 600 kr. I tillegg kjem overnatting kr 400.

Ring eller send melding til Asmund 95854599 eller Anders 97166913 om du vil vere med på fellesreisa eller vil ha meir informasjon.

søndag 14. juni 2009

Søndagssamling på Skilbrei


Søndag 14. juni er det søndagssamling på Skilbrei. Dvs eit møte som er åpent for alle. Etter møtet tar Tabugjengen seg ein tur ned til Skilbreivatnet og grillar Marsmallows og padlar litt i kano. Dersom du har tenkt å bli våt bør du ta med badebukse og handkle. Det kostar ingen ting å vere med.

torsdag 7. mai 2009

Framleis råd å melde seg på Tabu 5.-7. juni 2009









Her kjem snart info om ei heidundrande Tabuhelg!Allereie kan me røpa at det blir spennande bibelsamlingar, utfordrande lagkonkurransar i god gammal Tabu stil, sprø leikar, bading for den barske, vill volleyball og masse anna kjekt på ein fantastisk plass for ei sommarhelg!

Satser på å sleppe reprise av trynet mitt frå mi første Tabuhelg. Den fjøla eg sykla på flaut nokså godt då eg tryna...

Eg GARANTERER ei kjekk helg!

Håvard

torsdag 26. februar 2009

Tabu Sunnfjord

HEI!
Lenge sida sist! No er det abslolutt på tida med Tabu att. Denne gongen skal me vera på vassenden. Me har lånt kyrkja for helga. Dette er ikkje ei heilt vanleg kyrkje, nesten som eit bedehus med mange rom. Me skal bu på sovesalar.

Dette blir ei kjempehelg med noko for ein kvar smak. Skitur på bortoverski eller nedoverski . Snø er det nok av. For dei som ikkje liker det der skimaset så godt, blir det eit alternativ med aking/gymsal. Me har nemlig fått låne gymsalen på skulen. Her har me dusjmulighetar i garderobane… Tipper me får ei kjempehelg! Når me ikkje går på ski (mesteparten av helga vert utan ski på beina), blir det god mat, sosialt samvær og kjekke aktivitetar!

Og best av alt: Me skal få høyra meir om Jesus og korleis han opna vegen til himmelen, og korleis du og eg kan koma dit!

Ta med deg liggeunderlag/luftmadrass!

Det vil koma meir info her etterkvart som programmet er fastlagt. Følg med på skiforholda i bakken på www.jolsterskisenter.no

FAQ (Frequently Asked Questions)
Korleis kjem eg meg til kyrkja på Vassenden?
Køyr til Vassenden. Leit! Kyrkja ligg på andre sida av elva på haugen bak Coopen….
Når skal eg kome?
Vi byrjar kl. 19.30 fredag
Når er det slutt?
Vi sluttar kl. 14.00 søndag
Kva vil dette koste?
390kr. Medlemskap for 2009 kostar 20 kr. HUGS pengar om du vil gje noko til misjonsprosjekt! Hugs også eventuelt pengar til skitrekk!
Kor gamal må eg vere for å delta?
Om du har begynt på ungdomsskulen, kan du vere med!
Kva må eg ta med?
Ein sort pålegg, Bibel, toalettsaker som du trur du trenger, laken, sovesekk., kle til forskjellige forhold, skiutstyr eller anna utstyr, pengar til deltakaravgift og kollekt (frivillig). + evt. pengar til skitrekket (dagskort 250/180)
Korleis melder eg meg på dette?
Bruk linken for påmelding på bloggen: http://tabunlm.blogspot.com
Eg har enno ikkje meldt meg på. Når er siste frist?
Tysdag 17. mars
I dag er det 12. mars og eg har enno ikkje meldt meg på… Ring til oss 57821754 eller 93667232, kanskje det er plass til deg. Men ikkje la dette bli ein vane!
Lurer du på noko?
Ring Håvard på 57821754 eller 93667232

Tabu Nordfjord

HEI!

Lenge sida sist! No er det abslolutt på tida med Tabu att. Tabu på Utvikfjellet er favoritthelga mi på Tabu. Eg gleder meg som ein unge.... Dette blir ei kjempehelg med noko for ein kvar smak. Skitur på bortoverski eller nedoverski . Snø er det nok av. Tipper me får ei kjempehelg! Når me ikkje går på ski (mesteparten av helga vert utan ski på beina), blir det god mat, sosialt samvær og kjekke aktivitetar! For dei som ikkje liker ski så godt, er det gode mulighetar for aking… Gudrun (leiar) er ekspert på aking!

Og best av alt: Me skal få høyra meir om Jesus og korleis han opna vegen til himmelen, og korleis du og eg kan koma dit!


Program i grove trekk (me følger aldri programmet slavisk på Tabu)

Fredag:

20.00 Kvelds

21.00 Møte

22.00 Tabukveld m/spel leikar osv.

Me legger oss når me er trøytte...


Laurdag:

09.00 Vekking

09.30 Frukost

10.00 Bibeltime

11.00 Ut på ski i trekket eller på langrenn. Evt aking.

17.00 Dei siste kjem inn att, og bollane er varme og klar til eting

20.00 Taco

21.00 Kveldsmøte

22.00 Tabukveld med snacks og mykje moro

Me legger oss når me er trøytte...


Søndag:

10.00 Vekking

10.30 Frukost

11.30 Bibeltime

12.30 Pakking og vasking

13.30 Lunsj

14.00 Me dreg heim...



FAQ (Frequently Asked Questions)

Korleis kjem eg meg til Raude kross hytta? Hytta ligg på Utvikfjellet, på andre sida av vegen for Karistova ( på ”Gloppen sida” av Utvikfjellet)

Når skal eg kome?

Vi byrjar kl. 19.30 fredag

Når er det slutt?

Vi sluttar kl. 14.00 søndag

Kva vil dette koste?

390kr. Medlemskap for 2009 kostar 20 kr. HUGS pengar om du vil gje noko til misjonsprosjekt! Hugs også eventuelt pengar til skitrekk!

Kor gamal må eg vere for å delta?

Om du har begynt på ungdomsskulen, kan du vere med!

Kva må eg ta med?

Ein sort pålegg, Bibel, toalettsaker som du trur du trenger, laken, sovesekk., kle til forskjellige forhold, skiutstyr eller anna utstyr, pengar til deltakaravgift og kollekt (frivillig). + evt. pengar til skitrekket (dagskort 250/180)

Korleis melder eg meg på dette?

SJEKK: www.nlm.no/fjordane trykk deg vidare. Eller bruk linken her på bloggen. Bruk rett påmeldingskategori (Nordfjord)

Eg har enno ikkje meldt meg på. Når er siste frist?

Tysdag 10. mars

I dag er det 12. mars og eg har enno ikkje meldt meg på… Ring til oss 57821754 eller 93667232, kanskje det er plass til deg. Men ikkje la dette bli ein vane!

Veret kan du sjekke her:

http://www.breim.no/ski/

Lurer du på noko?

Ring Håvard på 57821754 eller 93667232



Tabutreff på Bibelhelg på Skilbrei 7.mars!

Hei!

Det blir Tabutreff på Laurdag 7. mars. Me joiner Bibelhelg på Skilbrei denne gongen. Opplegget blir sånn ca som sist. Lise Olsen kjem tilbake til Fjordane denne helga. Så for dei som var med i fjor blir det ein sjanse til å møte henne att. Ho har planar for Tabutreffet. Møt opp og sjå kva som skjer! Ellers så kan du bli kjent med nissen om du kjem. Han heiter forøvrig Hans Erik og er i frå Danmark...

Program:
kl. 17.30 Pizza
kl. 19.00 Misjonskveld: Jesus er Livet v/Hans Erik Nissen
Glimt frå Pokot: "Evangeliet går fram med stor hast" v/Endre Stene
kl. 21.00 Tabutreff i peisestova
  • Gran Turismo-stafett
  • Spel
  • Leikar
  • Overrasking
  • Snacks og snop
  • Liten andakt v/Robert Høstland

Meld deg på innan 5. mars ved å sende mail til holtedal@nlm.no

Pris: 100 kr pr pers

Mvh Håvard Oltedal

tirsdag 6. januar 2009

Tabutreff på Nyårsamlinga 10 januar på Skilbrei!


Heisann!



Vil på kort varsel invitere alle Tabuistar til Tabu -treff på Skilbrei. Me joiner nyårssamlinga på Skilbrei frå 17.30 når det er pizza og salat (kom gjerne før!). Deretter blir det misjonskveld v/Arnfinn Røyland som har vore misjonær i Kenya. Han kjem til å fortelja og vise bilder frå den tenesta han hadde med å fortelja muslimar om Jesus. Det er nemlig ikkje så lett... For å få mulighet til dette starta m.a. med malekurs for å få kontakt med ulike menneske. Spennande fyr som eg trur det blir interessant å høyre på.

Etter misjonkvelden er det litt kaker og digg i matsalen før det blir Tabu only i peisestova. Det blir som ein laurdagskveld på Tabu med alt det som det innebærer... Ein heftig happening med andre ord. Kan avsløre at det blir andakt, snacks, spel, "achtung die kurve" og mykje anna festlig! Nytt sjansen til å treffe Tabugjengen. Den som kjem går ikkje glipp av noko kult...
Ta med deg alle vennane dine og kom!


Program:
17.30 Pizza
19.00 Misjonkveld
20.30 Kaffi, saft, litt å bite i
21.00 Tabu only i peisestova
23.30 Slutt!!!

Påmelding: Send mail til meg på holtedal@nlm.no. Skriv kven du er og når du kjem.

Pris: 100 kr pr pers. Då er alt inkludert!