torsdag 25. november 2010

TABU Skilbrei i bilete!

Heisann, og takk for ei veldig kjekk helg ilag på Skilbrei! Her kjem nokre bilete derifrå:) Minnar òg om den fabelaktige nettsida www.itro.no, som er vel verdt eit besøk!















lørdag 13. november 2010

Snart TABU igjen:)

Har du hugsa å melda deg på TABU på Skilbrei 19.-21.november? Hvis ikkje: Gjer det no:) Sende ein epost til vest@nlm.no, eller ei melding til 91128049. Hugs å skrive namnet ditt.

mandag 30. august 2010

Mini-TABU!

Alle som vil, er velkomne på Mini-TABU på Førde Bedehus onsdag 1.september klokka 19.00. Det blir litt for magen, litt gøy og ein del Bibel!

Bilete frå Teigen

Heisann, og takk for ei flott TABU-helg på Teigen! Me hadde ei fin helg, der me fekk spela paintball, bada, vera i båt/kano, spela volleyball, ha konkurransar og læra meir frå Bibelen. Håper alle har lyst til å vera med neste gong, som er 19.-21.november!











onsdag 18. august 2010

Paintballskjema

Alle som vil vere med på Paintball i helga må ta med skjema signert frå føresette.
Last ned skjema

Program

Har du ikkje fått program så kan du laste det ned her?
Last ned Program

torsdag 12. august 2010

TABU på Teigen!

Me nærmar oss neste TABU, som skal gå av stabelen på Teigen allereie 20.-22.august! DU er velkommen til å melda deg på via linken oppe i høgre hjørne:)

onsdag 11. august 2010

Hittegods frå UL-turen

Det meste av hittegodset er no henta så no er det berre følgjande som ikkje er utlevert:

Eit bilde frå berg- og dalbanen i Kongeparken. På bildet ser vi Hans Petter, Arnt Bjarne, Johannes og Martin.

lørdag 7. august 2010

Sol , shortsdag og sjukdom på UL

Ein flott dag på UL er no over. Ungdommen har begynt å krype ned i soveposen. Vil du sjå og høyre litt at det vi har opplevd kan du sjå her.

Elles må vi rapportere om den fantastiske innsatsen TABU gjengen presterte under fotballturneringa. I første kamp var det lett math og resultattavla viste 3 - o til TABUlaget (det andre laget møtte riktignok ikkje fram). I andre kamp hadde vi ein liten nedtur (tapte 1 -6), men vi slo til i tredje kamp og knuste motstandarane 9-1 (det er mulig at det faktum at det andre laget berre kunne stille med to spelarar var med på å avgjere kampen). I siste kamp kjempa vi igjen heroisk, men måtte sjå oss slått 1 - 2. Den enorme lagånd og kampvilje førte TABUlaget heilt til kvartfinalen (tap 0-3) og viser at det er mykje talent i dette laget.

I løpet av dagen måtte vi sende ein utslitt influensesymptombefengt deltakar på rekreasjon slik at han får sove i ei god varm seng med rolege omgivelsar. Vi håpar han er tilbake i morgon.


fredag 6. august 2010

Nytt frå UL-leiren

Det er flott å få vere med i lovsangen saman med 2-3000 andre. Gode bibeltimar og spennande seminar gjer UL-kvardagen innhaldrik.


Elles må vi rapportere om at vi ser at eit døme på at ein av våre trauste sunnfjordingar knyter sterke band til UL-deltakar frå Sunnmøre, og det på ein slik måte at vi forventar tett brevveksling med parfymerte brev i tida etter UL.
Dagens middag var spagetti og kjøttsaus
Det har vore litt skiftande vær under UL-veka, så det er greit å vere forberedt på det både sol og regn.

onsdag 4. august 2010

Liv i leiren på UL

Campingvogna med fortelt og tre telt er på plass. Vi er langt på dag den andre dagen på UL. I tillegg til møter og seminar har dei fleste i leiren våre hatt seg ein tur i Kongeparken. Det vart ein litt våt fornøyelse sidan det kom ei voldsom regnbyge mens dei sat i karusellen. Litt vått vart det og i nokre av telta, men med litt justeringar av duk og presenning ser det no betre ut. Humøret er på topp og vi ser fram til fleire fine dagar på UL.

Mange "kokkar" når teltet skal opp

I Kongeparken

Her blir det spelt "Halli-Galli"

fredag 30. juli 2010


Tur til UL
Her kjem ein liten oversikt over turen til UL

Reiseplan
09.00 Avreise Solvang Folkehøgskule
10.30 Lavik (ferje)
10.50 Oppedal
13.30 Halhjem (ferje og matpause) Vi har bollar og drikke i vogna - smør deg mat om du vil ha noko anna.
14.10 Sandvikvåg
16.00 Arsvågen (ferje)
16.25 Mortavika
17.30 Kongeparken (18.30 Åpningshow)


Ta med deg:
Niste til turen nedover, dersom du vil ha noko anna enn bollar
Sovepose
Liggeunderlag - Tabu har oppblåsbare madrasser. Send melding til Asmund om du vil låne ei av dei
Ein sort pålegg
Godt med klede - det er meldt ein god del regn
Ungdomskort dersom du har det
Ei lommelykt (kjekt å ha i teltet om kvelden)
Registreringsbevis /kvittering på at du er påmeldt UL. Aud Marit har skrive ut dette for alle dei som ho har meldt på.
Bibel

Desse blir med:
Johannes
Karoline
Ingrid *
Christian *
Henriette
Kjetil
Anette
Anders
Daniel
Håvard *
Martin *
Erlend
Hans Petter *
Tor Håkon *
John Eivind.*.. .
Asmund
Signe Marie
Arnt Bjarne *
Marius
Hanne Sofie
Aud Marit *


* låner liggeunderlag av TABU

Dei fire siste på lista sluttar seg til teltleiren vår når vi kjem fram.

Asmund og Signe Marie køyrer og vi har plass til fleire. Påmelding til Asmund (tlf 95854599) dersom det er fleire som vil vere med.

Vi reiser heim søndag og er i Førde på kvelden ein gong.

UL 2010 from NLM - NLM Ung - iTro on Vimeo.

mandag 31. mai 2010

Bilete frå Friborgsneset

Hei, og takk for ei nydeleg Tabu-helg! Her kjem nokre bilete som me tok. Ser òg at Hans(talaren) har lagt ut litt frå Tabu på bloggen sin www.bergane.blogspot.com. Check out:)