søndag 16. august 2009

Snart ny TABU-helg igjen

Siste helga i september (25. - 27.) samlast vi til TABU-helg igjen. Denne gongen blir det på Teigen leirstad. Program kjem i posten om ikkje så altfor lenge, men dei heilt store overraskelsane blir det nok ikkje for deg som har vore med før. Du kan allereie no melde deg på ved å klikke her. Programmet blir og lagt ut her på bloggen når det er klart.

fredag 7. august 2009

Tilbakeblikk på UL

Her er Tabugjengen i matteltet på UL

Regn og ruskevær, kos i campingvogna, tidleg på plass for å få god plass på møta, Kongeparken, Krish Kandiah, Lovsangsbandet, Konsertar, bibeltimar.
Masse moro, masse alvor. 3. - 7. august 2010 er vi på plass igjen.

Les og artikkelen om turen vår på nlm.no/fjordane

søndag 2. august 2009

Avreise

Då telefonen min ringte i dag tidleg lurte eg på kven det var som var ringte så tidleg. Det viste seg imidlertid at klokka allereie var halv ti så dermed hadde vi sove lenger enn planlagt. No sit gjengen og kosar seg med ein betre frukost. Det ser ikkje ut til at det blir avreise før kl 11. Vi må no hente fotballskoa til Jon Olav som han gløymde i matteltet på UL, og så skal vi plukke opp Jon Olav og Bjørnar som har overnatta hos ein kamerat under UL. Vi håpar vi er i Førde kl 8 i kveld.
Når vi kjem heim og får kobla til fleire kamera til PC'en skal vi leggje ut fleire bilder frå UL. Følg med!

UL er over

Eit forrykande avslutningsshow er no over. Men det burde jo vere bra når vi stod ein halv time i kø for å kome inn. UL har vore ein kjempehappening. Vi har lært masse nye songar som vi skal ta med til Tabu.

I dag leverte vi frå oss campingvogna. Den skulle til Danmark for reparasjon så dermed må vi klare oss siste natta utan vogn. Vi gadd ikkje slå opp telt og difor har vi ordan oss med å få sove på sovesal. Som de ser av bildet har vi kjønsrollemønsteret i orden. Kjetil og Håvard bles opp luftmadrasser medan Cathrine er madrasstestar (det var eigentleg Anders som bles opp flest madrasser).



Bildet er tatt med mobil så det vart litt dårleg kvalitet

I morgon er det heimreise. Dersom vi klarer å kome oss opp så satsar vi på avreise kl 10. Då er vi i Førde mellom kl 6 og 7.