onsdag 23. mars 2011

Møteveka godt igang

Som kjent er det full rulle på Førde bedehus om dagen, eller rettare sagt om kveldane klokka 19.00. Då er det møter med Stein Raunehaug som talar, og i kveld var det heile 23 stk som kom!

Ryktene går om at det skal vera mykje på gang utover veka; mellom anna at nokon frå Sygna kjem på besøk. Komitèen kan òg opplysa om at det vert brownies og is etter møtet på fredag, og pizza med påfylgjande underhalding på laurdagen.

Det er i det heile få gode grunnar til å ikkje få med seg dei tre siste møtene. Så dersom du ikkje har tannverk eller bur i Trondheim; ta turen på møte klokka 19.00 dei neste kveldane!

Alle er velkomne!

mandag 21. mars 2011

Ungdoms-møteveke i Førde


Det skjer stadig ting i Fjordane! Denne veka skal det vera møteveke på Førde bedehus, spesielt tilrettelagt for oss ungdommar. Det er talaren som var på TABU; Stein Raunehaug som skal tala.

Dette er vel verdt eit besøk! Det er møter kvar kveld frå tysdag 22/3 til laurdag 26/3. Alle desse begynner klokka 19.00, med bønnemøte klokka 18.30 for dei som ynskjer å vera med på det òg.


Alle er hjarteleg velkomne:)

onsdag 16. mars 2011

Kjekk helg på Vassenden!

Den lille bygda i enden av vatnet hadde mykje å by på, mellom anna eit stort kyrkjebygg og eit endå større skisenter. Dette visste me å benytta oss av, og det heile utarta seg til å verta ei flott helg på TABU. Me fekk høyra andaktar av Stein Raunhaug som fortalte mykje om kva det er å vera frelst, og me høyrte Spotify-musikk frå mellom anna Michael W.Smith og Casting Crowns. Desse kan òg lyttast til heime i stova! Her kjem nokre bilete frå helga: