fredag 31. juli 2009

Vått, vilt og vakkert

Astrid Maria i vakkert svev.
"I belive I can fly" tenkjer Aud Marit

Tabugjengen som oppheld seg på UL er framleis relativt tørre sjølv om Anders og Asmund måtte ut kl 0430 og bardunere teltet. I følge våre siste opplysningar har 60-70 personar forlatt telta sine i løpet av natta og søkt ly i sovesalar. Værmeldinga fortel at det skal bli strålande sol i løpet av dagen så planen for dagen er å ta seg nokre rundar i karusellane i Kongeparken.


Onsdag var Aud Marit, Astrid Maria, Anette og Asmund i Kongeparken. Det regna litt tidleg på dagen så gutan var så pinglete at dei droppa ut. Det viste seg imidlertid at det vart kjempevær denne dagen så gutane angra bittert og grein seg i søvn den kvelden. I dag derimot sjølv med det striregnet vi har hatt, skal gutane vere med i parken. Dei tør ikkje å risikere å gå på den same blemma ein gong til.



I skrivande stund held Astrid Maria på å tørke kleda sine framfor vifteovnen. Håvard fordriv tida med å spele Sims2 på mobilen til Kjetil. Anette og Aud Marit står i dusjen og vaskar av seg sveitten frå i går. Cathrine lurer på om konsertane her på UL ligg ute på nettet. Vi har så vidt sett på ein av talane i reprise. Anders, Kjetil og Asmund kosar seg med å skrive blogg og slarve om sine medreisande.


Vi har no tilgang til Internett fram til kl 1230 på laurdag så kanskje kjem det ny oppdatert melding frå fjordingar på UL før den tid.

Ingen kommentarer: