lørdag 7. august 2010

Sol , shortsdag og sjukdom på UL

Ein flott dag på UL er no over. Ungdommen har begynt å krype ned i soveposen. Vil du sjå og høyre litt at det vi har opplevd kan du sjå her.

Elles må vi rapportere om den fantastiske innsatsen TABU gjengen presterte under fotballturneringa. I første kamp var det lett math og resultattavla viste 3 - o til TABUlaget (det andre laget møtte riktignok ikkje fram). I andre kamp hadde vi ein liten nedtur (tapte 1 -6), men vi slo til i tredje kamp og knuste motstandarane 9-1 (det er mulig at det faktum at det andre laget berre kunne stille med to spelarar var med på å avgjere kampen). I siste kamp kjempa vi igjen heroisk, men måtte sjå oss slått 1 - 2. Den enorme lagånd og kampvilje førte TABUlaget heilt til kvartfinalen (tap 0-3) og viser at det er mykje talent i dette laget.

I løpet av dagen måtte vi sende ein utslitt influensesymptombefengt deltakar på rekreasjon slik at han får sove i ei god varm seng med rolege omgivelsar. Vi håpar han er tilbake i morgon.


Ingen kommentarer: